Somme av medlemmene i Seljord Songlag har vore med sidan starten i 1988! At songgleda framleis er der er gode nyhende. Det er og naturleg at folk kjem til og folk fell frå. Gjennom nokre år har koret praktisert «prøvetid», det vil seie at dei er med i koret utan å betale kontingent eit halvt år. Vel dei så å halde fram, betalar dei kontingent på line med andre koristar.
I haust byrja ei handfull nye koristar, fordelt på alt- og sopranstemmene. No i 2020 er det tre unge damer i alt-gruppa som no held fram som fullverdige medlemmer. Lat meg presentere (f.v.) Kristine Heimdal Kleiv, Ciara Thomasdotter Osaland, og Jeanette Skoland!
Kristine:
Kristine er 32 år. Kristine er utdanna sjukepleiar. Ho er tilsett på medisinsk sengepost på Notodden sjukehus. Musikkinteressa og sansen for å skape musikk i lag med andre fekk ho gjennom korpsmusikken.
Ho har sunge i ten-kor og gospelkor, og dette gjorde at ho fekk lyst til å vere med i eit vaksenkor. Det var venninna, Jeanette, som fekk ho med i Seljord Songlag.
Ho likar å høyre på Carrie Underwood, Michael Jackson og Alan Jackson.
Ciara:
Ciara er yngste korist med sine 19 år. Ho byrja i Seljord Songlag våren 2019. Ho er lærling i filigransølvsmedfaget på Sølvsmedtunet i Vrådal hos meister Astrid Syftestad. Til våren er ho ferdig med fagbrevet, og da er nok også tida med både Vrådal og Seljord Songlag over.
Ciara er oppvaksen i Kristiansand, og song mykje i barnekor. I 2012 vart ho plukka ut til å synge og danse og kore under Thorbjørn Egners 100 års-konsert med Kristiansand Symphoniorkester. Ho var med å kore da Lissie, amerikansk countrysongar, hadde framsyning på Kilden (kulturhuset i Kristiansand) i 2015. Dette kjenner vi att, for Ciara har sunge soloparti med Seljord Songlag også, sist i 20.-dagskonserten i 2020.
Da ho kom til Vrådal etter eit år i Valle, Setesdal, fann ho fort ut at ho måtte finne seg eit kor, ho fann FB-sida vår og melde seg inn.
På spelelistene sine har har ho alt frå Elton John og Queens, til Taylor Swift og Meatloaf. Ulike filmscorer og operaer er også å finne, blanda med litt Metallica og Aerosmith.
Jeanette:
Jeanette er 30 år. Ho jobbar som assisterande daglegleiar på Circle K Heddal og tek utdanning ved Circle K sitt talentprogram for utvikling av daglegleierar. I skrivande stund er det korøving, men denne kvelden er ikkje Jeanette på plass i alt-gruppa – ho held på med utdanninga si.
Då ho gjekk på SangSceneStudio linja ved Haugetun FHS i Fredrikstad, var ho med i både reint jentekor og skulekor. Elles var ho i ein periode med i eit ungdomskor som kulturskulen i Seljord hadde då ho var i skulealderen.
Så lenge Jeanette kan hugse har ho drive med song, men interessa for å bli med i kor kom då ho blei «for gamal» for soloundervisning i kulturskulen. Jobbturnus med kveldsvakter på måndagar gjorde det vanskeleg å prøve seg i Seljord Songlag, men hausten 2019 fekk ho ny turnus, slik at ho fekk moglegheit til å vera med i Seljord Songlag.
Jeanette fortel om seg sjølv og musikken: Eg er temmeleg «altetande» når det kjem til musikken eg høyrer og syng på. Det er veldig få plassar eg ikkje gjeng og trallar og syng. Eg likar meg nok best i countrysjangeren, men synast au musikk frå film og musikalar er utruleg artigt. Å få synge ei kraftig ballade med ein meiningsfylt tekst som skal formidlast er noko av det eg likar aller best!
Dette var ein første presentasjon av dei nye koristane våre, men tanken er å følgje opp dette utover våren.