Sundsbarmkonserten 2021

Enda ein gong har Sundsbarm kraftverk og Seljord songlag samarbeidd om Adventskonsert. 205 publikummarar fann vegen til konserten. Til vanleg er det rundt 400 som brukar å møte på denne konserten, men no hadde ein valt å la annankvar stol vere ledig. Det er framleis koronarestrikasjonar, så dette var eit tiltak som gjorde det forsvarleg å gjennomføre konserten. Det er to år sidan sist vi song her. Dirigent Oddbjørn Aase hadde som vanleg hand om den musikalske leiinga, og som vanleg hadde han arrangert mykje av stoffet sjølv.

I år hadde Ivar Barstad ansvar for lyden.

Tid: 1. sundag i advent: 28. november kl 16.00.

Praktisk: Konserten finn stad vel 700 m inne i Skorvefjellet i sjølve produksjonshallen. Konserten er gratis. Tilsette frå Sundsbarm er til stades ved tunellinngangen ei tid før konserten begynner. Det er lurt å kle seg godt.

Musikarar:

Sigrid Aase, vokal.
Vidar Ytre-Arne, fiolin.
Einar Næss Haugseth, tangentar.
Martin Lie Svendsen, bass.

Foto: Private eller Wikipedia.

Program 2021.
Folkesongen ……………………………………………………………T Jørund Telnes M Trad. Arr S. Aase. Her skulle vi i koret lage ein bordun, ein tone som alle nynna på mens Sigrid song dette stevet. Etterpå song koret a capella dei neste songane:
Tenn lys ………………………………………………………..T Eyvind Skeie M Sigvald Tveit Arr O. Aase
Nå tennes tusen julelys …………………………………………….M Emmy Köhler Arr E. N. Haugseth
Frå Betlehem eit gjetord gjeng …………..T Elias Blix M Ludvig Mathias Lindeman Arr O. Aase
Det hev ei rosa sprunge …………………………………M 1400-t/Praetorius Arr V. Ytre-Arne / ork.
Midt i hårdest vinter ……………T Rosetti/Svein Ellingsen. M Gustav Holst. Arr O. Aase / ork.
Allsong: I en natt. Dette er ein song av Bjørn Eidsvåg. Etter denne allsongen var det orkesteret sin tur, med Vidar i front. Felemusikk frå Shetland, ein riktig stemningsfull melodi.
The Slocked Light ………………………….M Tommy Anderson (Shetland) Arr V. Ytre-Arne / ork.
Moon River ………………………………………………………..T J. Mercer. M H. Mancini. Arr O. Aase. Her starta Sigrid og orkesteret, og etter kvart kom vi i koret med i Oddbjørns arrangement.
The Skye Boat Song ………………………………………..T Robert L. Stevenson M Trad. Arr O. Aase. Dette er ein skotsk folketone. Her skulle koret lage lyd frå hav og vind før og etter sjølve songen.

Glade jol …………………………………T B.S. Ingemann O B. Støylen M Franz Grüber Arr O. Aase. Den neste melodien hadde Vidar og orkesteret. Vidar er og ein habil jazzfiolinist.
Have Yourself a Merry Little Christmas ………………….M Hugh Martin Arr V. Ytre-Arne / ork.
Allsong: Å, kom nå med lovsang

Allsong: Det lyser i stille grender
When the party’s over ………………………………………………………………..T/M: Finneas O’Connell
Du ser meg i auga ………………………………………….T H.M. Vesaas M Terje Eliassen. Arr Caplin
Folkefrelsar til oss kom …………………………….T Ambrosius O B.Støylen M 1100-t Arr O.Aase
Klinge skal et jubelkor ……………………….T latinsk 1300/P. Lønning M Moosburg Arr O. Aase
Duetten «The Prayer» er mest kjent frå eit samarbeid mellom Celine Dion og Andrea Boccelli. Her var det Sigrid og Hans Olav som tok han til nye høgder. Etter dette innslaget var det ståande applaus!
The Prayer ……………………………………..T A. Testa/T. Renis/Carol Bayer Sager M David Foster

Orkesteret hadde en pussig intro her, der dei «pirka» fram melodien, heilt til Vidar let fiolinen introdusere det første verset, som Hans Olav song. Koret var med på refrenga, Sigrid song andre verset. «Julsång» har vore eit fast innslag på så godt som alle jule- og adventskonsertane våre. Avslutningssongen, «Deilig er jorden» i A. Öhrvall sitt arrangement har vi også bruka å avslutte med. Da brukar alle i den store salen å reise seg.
Jul-sång …………………………………………………………………………………..T/M A. Adam /O A. Kock
Seljord Songlag takkar Skagerak Energi for oppdraget og ynskjer alle ei rik adventstid!
Allsong: Deilig er jorden.