
- desember 2024 heldt Seljord songlag den 30 adventskonserten i samarbeid med Sundsbarm kraftverk/Skagerak energi. (Foto/tekst tilhøyrer Ingrid Byggland/VTB).
Vest-Telemark Blad v/Ingrid Byggland skriv:
Det var stinn brakke på Granvin kulturhus i Seljord den fyrste sundagen i advent, då Seljord songlag og Sundsbarm kraftverk inviterte til den tradisjonsrike adventskonserten.
_ Seljord
Trass i det grå og regnfulle vêret ute, var det ingen tvil om at jolestemninga var i ferd med å breie seg til dei nær 300 tilhøyrarane som hadde tatt turen til Granvin kulturhus denne fyrste sundagen i advent.
Det er i år 30 år sidan Seljord Songlag og Sundsbarm kraftverk inngjekk avtale om ein adventskonsert.
– Det starta som ein vill idé, sa Reidar Skogheim frå scena. Han var ein initiativtakar til samarbeidet tilbake i 1994.
Tradisjonelt har konserten vore inne i Sundsbarm kraftverk, der den imponerande «Skorvekatedralen» i kraftstasjonen danna ramma rundt den musikalske opplevinga. Dei siste tre åra har konserten blitt flytta til Granvin kulturhus, av omsyn til tryggleiken.
Som alle åra før, er konserten betala av Sundsbarm kraftverk, som ei tidleg julegåve til bygdefolket.
– Straumen er dyr, så ein kan sjå på dette som ein liten rabatt, sa Skogheim til latter frå salen.
Dirigent Oddbjørn Aase hadde som vanleg ansvaret for den musikalske leiinga, og han hadde også arrangert det meste av stoffet. Songlaget, saman med musikarar og elevar frå kulturskulane i Seljord og Kviteseid, sette alle sitt preg på den varierte og stemningsfulle konserten.
Om ikkje jolestemninga var på plass før, så kraup ho på plass når «O helga natt» ljoma ut i salen og når heile publikum reiste seg og song «Deilig er jorden» heilt til slutt.
Høgdepunkt
Dirigent Aase seier at adventskonserten er eit av årets høgdepunkt for songlaget.
– Det er ei veldig spesiell oppleving, seier han.
Han trur folk set pris på at det framleis er konsert, sjølv om den ikkje lenger er inne i kraftverket.
– Det verkar som folk verdset den ramma me har fått til her, og det er svært givande å kunne halde på tradisjonen år etter år, seier han.
Aase er også takksam for støtta frå Sundsbarm kraftverk, som gjennom åra har gjort konserten mogleg økonomisk.
– Utan dei hadde ikkje dette vore mogleg, understrekar han.
Gunn Synnøve Tveiten og Randi Nordskog er begge veteranar i Seljord Songlag.
Tveiten har deltatt på alle adventskonsertane sidan 1994.
– Det er kjempemoro. Dette er ein tradisjon me vil halde på, seier ho.
Nordskog, som berre har gått glipp av ein konsert på desse åra, er like entusiastisk.
– Det er så moro!
Ho har planar om å halde på i mange år til.
– Eg gir meg ikkje, smiler ho.