Haust 2021

12. mars 2020 var det berre to veker til at Seljord Songlag og Bø kyrkjekor skulle framføre to konsertar med verket «Slektenes lovsong», skrive av Olav Mostøl og korets dirigent, Oddbjørn Aase. Det var knapt ein månad etter at koret hadde ein framifrå god konsert med populærmusikk. Konsertane måtte avlysast. Myndighetane synte til smittevernlova. Det var ikkje anna å gjere.

Sidan den gong har Seljord Songlag, som dei fleste andre lag måtta leggje alle planar på vent. Men nå, hausten 2021, er det håp.

Så, du som likar å syngje i lag med andre, ta kontakt. Etter kvart kjem lysingar om når koret startar opp att. Her på heimesida ser du at vi øver på Granvin på måndagar, 18-20. I Gamlesalen.