It was thirty years ago today…

It was twenty years ago today
Sergeant Pepper taught the band to play
They’ve been going in and out of style
But they’re guaranteed to raise a smile
So may I introduce to you
The act you’ve known for all these years?
Sergeant Pepper’s Lonely Hearts Club Band.

OK, «Sgt. Pepper» var ikkje på programmet på denne mimre-cabareten, men nostalgisk var det, i alle fall for oss som nå er over 60.

Somme av innslaga:

  • Blackbird
  • Hei Knut (Norsk tekst ved Lillebjørn Nilsen).
  • «Narren på ei bakkebrun» («Fool on the hill», tekst av Arvid Torgeir Lie(??)).
  • Ho er velkomen («Ticket to ride», tekst av Magne Eiesland).
  • Ikkje svar, (Tekst Magne Eiesland,

Nokon der ute som hugsar fleire/betre?

Først litt om plakaten. På denne tida arbeidde Arne Langesæter i Vest-Telemark Blad. Han fekk i oppdrag å lage denne plakata til forestillinga. Kanskje dei som er under 60 år og kan sjå at Arne nytta omslaget til albumet «Abbey Road», gjorde nokre magiske grep, og plutseleg kunne ein sjå The Beatles på veg frå Tveitan og over til Handelslagstomta.

VTB 24. mars 1990. Faksimile. Randi N i bakgrunnen. Alle hadde «tidsriktige antrekk».

«Beatles på Brøles» var eit stort prosjekt for eit lite og nystarta kor. Vi samarbeidde med Brøles Janitsjar, diktarar som Arvid Torgeir Lie og Magne Eiesland skreiv nye og nynorske tekstar til Beatles-songar.

Signaturen «Arali» er daverande redaktør og bladfyk Tore Skaug. På den tida var det sjølvsagt at slike konsertar var avisstoff.

På framsida av Vest-Telemark Blad. Seljord Songlag takkar for applausen.

Ingen av oss hadde vore med på eit slikt prosjekt tidlegare. Det var utruleg mykje arbeid, og vi var heilt utslitt etter to fulle hus på Granvin.