Bli med i Seljord Songlag!

Seljord Songlag er eit blandakor og har omlag 28 aktive medlemar frå både Seljord og Kviteseid. Koret øvar med dirigent Oddbjørn Aase i gamlesalen på Granvin, Seljord, kvar måndag mellom 19 og 21.05.

Våren 2019 har vi starta opp eit prosjekt som vi har kalla «Duo». Vi ønskjer å lage ein konsert med songar av typen «lett, rytmisk musikk». Duoar som har laga musikk som er interessant også for kor er til dømes:

  • Simon og Garfunkel
  • John Lennon og Paul McCartney

Framsyning/konsert er tenkt i første halvdel av 2020. Innimellom skal vi og skipe til Sundsbarmkonsert og mindre framsyningar.

Eg har høyrt at det er så lett å lære nye songar i Seljord Songlag? Er det sant?

  • Heile repertoaret til ei framføring ligg tilgjengeleg 24/7 her på Seljordsonglag.net. Det er berre å laste ned/skrive ut noter om du er medlem og kjenner til korleis du loggar deg inn.
  • Om du er medlem kan du laste ned/logge inn på appen Musescore. Her ligg heile repertoaret tilgjengeleg 24/7 i form av lyd. Du kan øve på stemma di når det passar deg, og du vel sjølv om du vil høyre dei andre stemmene eller synge til akkompagnement. Slik blir øvingane våre meir effektive og du treng ikkje vere så veldig god til å lese noter for å merke at du gjer framgang.
  • Informasjon om kva som skjer på øvingar og andre meldingar finn du på Facebook på eit område berre for medlemar.

Kva kostar det å vere medlem av Seljord Songlag?

  • Det kostar 1600 kr/år å vere medlem. Dette dekkjer:
    • Løn til ein svært dyktig og entusiastisk dirigent.
    • Husleige på Granvin i eit svært hyggeleg øvingslokale.
    • Noter og abonnement på Musescore som aukar meistring og songglede.
    • Medlemsskap i Norsk Sangerforum.

Det første halvåret du er ny i koret betalar du ikkje kontingent. Vi har og fadderordning, slik at du har ein du kan spørje om ting som gjeld t.d. bruk av Musescore, organisering av noter og anna. Og på kjøpet får du eit koseleg og uformelt miljø med folk som synest det er moro å syngje i lag.

Sundsbarmkonserten.

Seljord Songlag har i mange år hatt samarbeid med Skagerak Energi om å skipe til ein adventskonsert kvart år inne i den store hallen i Sundsbarm kraftverk. Konserten finn stad kvart år 1. sundag i advent.

Dette er musikalsk og økonomisk ein viktig del av det grunnlaget Seljord Songlag kviler på.

Frå veke 42 og fram til konserten øver vi inn det musikalske stoffet. I dagane før konserten set vi av ekstra tid til å prøvekøyre dette med musikarar og solistar. I denne tida legg vi «Prosjekt Duo» til sides.