22. september 2018.
I dag har koret øvd og hatt generalprøve i lag med solistane i Kviteseid Kyrkje. Dette er fyrste gong vi har fått høyre Oddbjørns musikk slik han har tenkt det og i lag med musikarane, Jon Rørmark, Øivind Bangor og Ingri Elise Engeland og solistane Anne Gravir Klykken og Peder Arnt Kløvrud.
Ingrid og Hanne baud på kringle undervegs, Olav Mosdøl las resitativa, Knut Espelid hadde rigga lysriggar i kyrkja, Kjell Ivar Hosum hadde sett opp lydanlegg. Oddbjørn hjelpte oss å finpusse uttrykket i dei etter kvart kjende songane. Vi hadde den gode kjensla av at alt fungerte bra, nå dagen før den aller første konserten.
I går, fredag 21. september var det eit breitt oppslag i Vest-Telemark blad:
Her er vi samla måndag 10. september.
Det skal ha vore eit innslag i «Telemark Tidend» i TA også. Det får vi kome attende til. I morgon skal vi møtest kl 16, konserten byrjar kl 19.
Marit Gotuholt og Kristen Salmelid (kyrkjeverge i Kviteseid) skal hjelpe oss med billettsal og anna praktisk – dette blir moro.